Søndag 19. oktober kl. 18.00 inviterer vi til ein stor konsertoppleving i Undheim kyrkje.
Denne kvelden møtest Christiania Mannskor – Noregs einaste profesjonelle mannskor, leia av dirigent Marius Skjølaas – og Klepp Mannskor, eit tradisjonsrikt lokalt mannskor under leiing av Rannveig Skiri Mosbakk, med Gunnar Due Tungland på piano.
Programmet byr på klassiske mannskorsongar, mellom anna nokre tonesette tekstar av Arne Garborg. Som ei ekstra ramme vil Inger Undheim frå Garborgsenteret dele kunnskap om Garborg si rolle som songtekstforfattar.
Dette vert eit sjeldan høve til å høyre to mannskor med ulik profil, i samsong og kvar for seg . Her får du oppleva gamle mannskorskattar – og korleis Garborg sine ord lever vidare gjennom musikken.
🎶 Tid og stad: Undheim kyrkje, 19. oktober kl. 18.00
🎟 Billettar: 250,- (kjøpast ved døra, eller på førehand – Kjøp billett her)
Velkommen til ei unik konsertoppleving – opplev ekte mannskorsong!
👉 Les meir om kora:
👉 Les meir om Arne Garborg på Wikipedia