Vedtekter

§ 1. Organisasjon.

Klepp Mannskor er eit sjølvstendig lag av songinteresserte menn, og er politisk og religiøst nøytralt.

§ 2. Formål.

Koret si oppgåve er å skapa interesse for og kjennskap til god, verdifull song, og ved konsertar, songstemne og andre arrangement vekkja forståing for songen som kulturfaktor.

§ 3. Medlemskap.

Medlem av koret kan den verta som har interesse for song og har brukbar songstemme, og som vert godkjent av koret etter forslag frå styret og dirigent. Utmelding av koret skal gjerast munnleg eller skriftleg til styret. Ønskje om permisjon skal meldast til dirigent eller styreformann.

§ 4. Styret.

Koret skal ha eit styre på 5 medlemmer (formann, nestformann, sekretær, kasserar og leiar av musikkutvalet). I tillegg skal det veljast eitt varamedlem til styret, for eitt år.

Formann vert vald for eitt år om gongen, styremedlemmene for to år, men slik at ikkje alle er på val samstundes. Varamedlemmet møter på styremøta. Dirigenten møter normalt på styremøta, utan stemmerett. Styret kan gjera vedtak når 3 -tre- medlemmer, medrekna formann eller nestformann er til stades.

Styret er oppteke av koret sitt beste i samsvar med vedtektene og andre lover og reglar som gjeld til ei kvar tid. Styret kan setja ned arbeidsgrupper blant medlemmene i koret etter behov.

§ 5. Musikkutval

Koret skal ha eit musikkutval, og kvar av dei fire stemmegruppene (T1, T2, B1, B2) skal ha ein stemmeleiar. Stemmegruppa er sjølv ansvarleg for å velja sin stemmeleiar – annakvart år, for 2 år. Dirigent og dei fire stemmeleiarane dannar musikkutvalet, som vel sin leiar blant dei fire stemmeleiarane – annakvart år, for 2 år. Musikkutvalet melder inn til valkomitéen – seinast to veker før årsmøtet – sitt val av leiar, som med det vert innstilt som det 5te medlemmet til korstyret, jfr. §4. Føresetnaden er at alle stemmegruppene har val samstundes,

Musikkutvalet si oppgåve er å leggja fram forslag til repertoar for koret, og fastsetja program til ulike arrangement.
 

§ 6. Årsmøte.

Vanleg årsmøte vert halde i januar. Styret kan også kalla inn til ekstraordinært årsmøte dersom styret finn det nødvendig, eller når minst halvparten av kormedlemmene krev det. Årsmøtet kan gjera vedtak når minst halvparten av kormedlemmene er tilstades.

Innkalling og sakliste til årsmøtet skal gjerast kjent for kormedlemmene minst ei veke på førehand.

Årsmøtet skal behandla og godkjenne årsmeldinga frå styret og revidert rekneskap frå føregåande år (følgjer kalenderåret).

Årsmøtet fastset medlemskontingent for komande år. Årsmøtet behandlar saker som er lagde fram av styret, og saker frå kormedlemmer som er lagde fram for styret i god tid før årsmøtet.



Følgjande skal veljast på årsmøtet:

1. Formann – for eitt år, jfr. §4 og §7
2. Tre styremedlemmer, (hhv eit og to på val annakvart år) – for to åt, jfr. §4.
3. Eitt styremedlem, leiar av musikkutvalet, for to år, jfr. §5
4. Eitt varamedlem til styret – for eitt år, jfr. §4
5. To revisorar – for eitt år.
6. To medlemmer til valkomitéen – (ein på val kvart år) – for to år.

Valkomité
Komitéen har på årsmøtet ansvaret for å leggja fram forslag på kandidatar til pkt. 1-6 ovanfor, og leia valet. Styreformannen skal orienterast om status for komitéarbeidet seinast ei veke før årsmøtet. To medlemmer dannar komitéen, kvar for seg valde på årsmøtet – annakvart år, for 2 år. Medlem på 2de året er komitéleiar – går deretter på årsmøtet ut av komitéen, og kan ikkje ta attval eller veljast inn i komitéen før etter 4 år.

Alle kormedlemmer kan veljast, men dei som går ut av styret eller andre tillitsverv, kan nekta attval for komande valperiode. Alle vedtak vert gjort med vanleg fleirtal, men styreformann har dobeltstemme i tilfelle det elles er likt stemmetal. Det skal brukast skriftleg avstemming dersom minst ein medlem krev det.

§ 7. Val av formann.

Formann skal veljast for eitt år, på fritt grunnlag, blant alle medlemmene. Om valkomitéen ikkje lukkast i å finna ein formannskandidat på denne måten, skal ei av stemmegruppene finna ein formannskandidat, primært frå eiga stemmegruppe, men dette er ikkje eit absolutt krav. Stemmegruppa som skal stå for dette, skal gå på omgang i følgjande rekkeføljgje: 1. tenor, 2. tenor, 1. bass, 2. bass..

§ 8. Reglar for medlemmene.

Medlemmene skal møta presis til alle korøvingane. Når styret har bestemt at koret skal opptre, har alle medlemmene møteplikt. Lovleg forfall skal meldast til dirigent eller styreformann.

Finn styret at ein kormedlem har forbrote seg mot vedtektene i koret, eller på annan måte er til skade for koret sit omdømme eller virke, skal styret gje vedkomande ei åtvaring. Dersom dette ikkje nyttar, kan styret utan vidare stryka vedkomande som medlem i koret. Vedtaket i styret kan ankast inn for årsmøtet.

§ 9. Vedtektsendring.

Endring i desse vedtektene kan berre gjerast av årsmøtet med minst 2/3 fleirtal.

§ 10. Oppløysing av koret.

Koret kan ikkje oppløysast dersom minst 8 medlemmer er villige til å halda fram og har dirigent.

Berre årsmøtet kan oppløysa koret. Årsmøtet avgjer i så fall korleis det koret eig av pengar og anna, skal disponerast.